Sunday, May 25, 2008

A cool wind is blowing

Heiemo kvad, det song i li.
vakna dikko ædelege drengje
Det høyrde nykkjen, på havet skrid,
For de hev sove tidi for lengje.

Heiemo kvad, det song i lund
vakna dikko ædelege drengje

Det høyrde nykkjen, den hei'inghund
For de hev sove tidi for lengje.

Nykkjen tala til styringsmann:
vakna dikko ædelege drengje
Du styre mitt skip på kristne land!
For de hev sove tidi for lengje.

Eg vil meg på kristne land gå,
vakna dikko ædelege drengje
Den vene jomfruva vil eg få.
For de hev sove tidi for lengje.

Så gjeng han seg i stova inn
vakna dikko ædelege drengje

med håge hatt og blomekinn
For de hev sove tidi for lengje.

Nykkjen han dansa, og Heiemo kvad,
vakna dikko ædelege drengje

det gledde alt folket i stogunne var
For de hev sove tidi for lengje.

No må kvor gange heim til seg,
vakna dikko ædelege drengje

Heiemo tek eg på skipet med meg.
For de hev sove tidi for lengje.

Heiemo, Heiemo, still di harm,
vakna dikko ædelege drengje

du sku sove på nykkjens arm.
For de hev sove tidi for lengje.

Ho stakk til nykkjen i holamot,
vakna dikko ædelege drengje

odden han rann i hjarterot
For de hev sove tidi for lengje.

Her ligg du, nykkjen, fyr ravn og hund
vakna dikko ædelege drengje

enno hev eg min kvedarlund.
For de hev sove tidi for lengje.

Heiemo Og Nykkjen, tradicional, Norway


1 comment:

Sophia said...

Yay been looking for these lyrics everywhere.